På grunnlovsfeiring i Oslo

Ordførar Jan Ove Tryggestad ved Slottet i Oslo.

Ordførar Jan Ove Tryggestad ved Slottet i Oslo.

14 og 15. mai var ordførar Jan Ove Tryggestad i Oslo saman med alle andre ordførarar i Norge for å feire Grunnlovsjubileet.

16.05.2014 23:09:22 (Frå Stranda kommune si nettside)
Stortinget inviterte til storstilt markering av Grunnlovsjubileet, der alle statsmaktene, Stortinget, regjeringa og Høgsterett var til stades i stortingssalen samtidig.
Også Kongehuset var representert, og ordførarane besøkte både Stortinget og Oslo rådhus.

Dei var samla til festmiddag onsdag kveld og demokratilunsj på Det Norske Teatret torsdag formiddag, før dei marsjerte til Stortinget saman med Kampen Janitsjar.
Høgdepunktet var Kongeparet si mottaking på Det kongelege slott.

Tryggestad har møtt både Kongen og Dronningen ved tidlegare tilskipingar, og seier det var stas med nytt besøk på Slottet.
Han fekk også snakke med Dronning Sonja som tydeleg viste at ho kjende Stranda godt, og ba ordføraren helse tilbake til alle i kommunen.
«Dette er ein historisk dag, så det er flott og spesielt å delta på denne dagen, som ein av mange folkevalde, for å markere demokratiet» seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad.

Det er tradisjon for at ordførarane i heile landet blir invitert til hovudstaden éin gang i løpet av valperioden, og denne gong var ordførarsamlinga ein del av feiringa av 200-årsjubileet for Grunnlova.
Felles arrangør var KS – Kommunesektorens organisasjon, Oslo kommune og Stortinget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380