På tur med hobbyvener

Turveret var no så som så, men likevel var det to nøgde hesteeigarar vi møtte på tur med Dalar Møy og Høg Jo.
Turveret var no så som så, men likevel var det to nøgde hesteeigarar vi møtte på tur med Dalar Møy og Høg Jo.

Fredrik Stadheim  –  16.05.2014 13:09:39
Åse Stadheim har gard, men har leigd vekk det meste av jorda til ein nabo. Det same har Nils Olav Frøysa gjort på sin gard.
Men begge har ein stor og kjær hobby, dei er hesteeigarar. Dei har kvar sin som har dagleg opphald på Stadheim, hoppa Dalar Møy og hingsten Høg Jo.
Arbeidshestar er dei ikkje, livet består seg av rusleturar, godt stell, og mat og kvile for dei to Fjordingane.

Ponny vart sjuk

Åse Stadheim har alltid hatt interesse for hest. Sin fyrste fekk ho 14 år gamal og det var ein Ponny. Den hadde ho i 5-6 år, men då vart den råka av ein lungesjukdom og måtte avlivast.
–Det var ei av dei aller største sorgene i livet mitt til no, vedgår Åse som anslår at ho har styra med hest dei siste 35 åra.

Kvit flekk

Nils Olav Frøysa er ferskare som hestekar. Høg Jo var eitt år gamal då han kjøpte den for åtte år sidan. Ein snill og roleg Fjording, men som ikkje kan vere med på hesteutstillingar.
Den har ein kvit flekk i panna under luggen som diskvalifiserer den frå å delta, fortel Nils Olav.
Dalar Møy har delteke som føll og unghest og fått sløyfe begge gongar.
No er ikkje beinstillinga bra nok til at hoppa kan hevde seg i bedømming, men Åse har eit håp om at hesten kan vekse seg sterkare med åra slik at den kan delta.

Vande med trafikk

No går dei to Fjordingane ute og nyt sommaren på Stadheim. Nils Olav Frøysa er vekependlar og då har Åse Stadheim røktaransvaret for begge hestane.
Kosthaldet er variert med gras, høy, kraftfor og vitaminar. Så blir det trimturar rundt om på Stadheim eller etter bygdavegen to og gjerne tre gonger i veka. Å gå etter vegen går fint, for hestane har blitt vande med både folk og bilar.
Men enkelte bileigarar kan gjerne slakke litt på farta når dei passerer, synest dei to.          I tillegg til desse turane består trimmen i køyring, dressur og litt trening på hinderbane på Stranda.

Distanseritt på Frøysa

Ut på sommaren og hausten er planen å delta i distanseritt, men kor mange er ikkje avgjort. Sjølvsagt blir det start i distanserittet på heimebane på Frøysa ut på hausten, men kanskje også på Sekken ved Molde, i Volda og i klubbmeisterskap ved Stranda ride og køyreklubb.
I det heile ein sommar med mykje å glede seg til både for hestar og eigarar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380