Solid innsats gav siger

Målskårarar: Magnus Kaldhusdal til venstre og Jørgen Helset såra måla i 3-0 sigeren mot MSIL

Målskårarar: Magnus Kaldhusdal til venstre og Jørgen Helset såra måla i 3-0 sigeren mot MSIL

Sunnylven/Stranda 2 kjempa seg til siger 3-0 over MSIL på Hellesylt stadion tysdag. Det stod 1-0 ved pause.

Fredrik Stadheim  –  13.05.2014 22:32:34
Sunnylven/Stranda 2 dominerte kampen i fyrste omgang mot gjestane frå Mauseidvåg/Solevåg. Laget spela seg fram til fleire feite sjansar i medvinden, men lukkast ikkje før heilt på slutten av omgangen. Etter hjørnespark av Bård Forbord kriga Jørgen Helset ballen i mål.

Sunnylven/Stranda 2 fekk annulert også ei skåring like før, ei tvilsam avgjerd av domar Martin Solheim, Spjelkavik IL.

Vi registrerte også fårlege kontringar til gjestane, men skota gjekk til side for målstopen eller Joakim Fivelstad tok ballen i sikkert grep. 1-0 ved pause var alt for lite til heimelaget, men til gjengjeld svært fortent.

Tøffe taklingar

Andre omgang var berre fem minutt gamal då Magnus Kaldhusdal dobla leiinga med sikker skåring. Og Sunnylven/Stranda 2 kriga vidare med godt pasningsspel og knallharde taklingar både på bakken og i lufta.
Det måtte vere vondt for dei grøne og kvite å møte k-ane, Kamik, Karbø og Korsedal  i duellar. Saftige i taklingane var også Daniel Støverstein, Per Ove Frøysa og Adam Domin.
I mål stod Joakim Fivelstad ein ny, god kamp på Hellesylt stadion.

Kvarteret før slutt kom eit langt oppspel som lagkaptein Jørgen Helset starta på, runda målvakta og skåra sikkert. Dermed 3-0 og årets fyrste siger var eit faktum. Den vart feira på tradisjonelt vis med høglydte krigsrop i garderoba.
Magnus Kaldhusdal vart av ein jury kåra til heimelaget sin beste mot MSIL.

Neste for Sunnylven/Stranda 2 er Ravn tysdag 20. mai. Ikkje uoverkomeleg om innsatsen er like god også på bortebane.

5. divisjon menn, Hellesylt stadion.
Sunnylven/Stranda 2 – MSIL 3-0 (1-0)
Mål Sunnylven/Stranda 2: Jørgen Helset, (40) og (75), Magnus Kaldhusdal, (50)
Domar: Martin Solheim, Spjelkavik IL.

Sunnylven/Stranda 2: Joakim Fivelstad, Adam Domin, Per Ove Frøysa, Daniel Støverstein, Kamik, Even Korsedal, Oskar Røyr, Bård Forbord, Asbjørn Kvam Karbø, Magnus Kaldhusdal, Jørgen Helset.

Innbyttarar: Ole Arnstein Ringdal, Jarl Vegard Røyrhus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380