Tala til lydhør forsamling

Rådmann Ann Kristin Langeland.

Rådmann Ann Kristin Langeland.

Rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland heldt tale for dagen under folkefesten på Hellesylt. Ei tale som publikum gav velfortent applaus.

Fredrik Stadheim  –  18.05.2014 11:25:15
Rådmann i Hornindal kommune, men busett på Langeland i Sunnylven som sauebonde kom med gode og reflekterte tale frå talarstolen under folkefesten i Sunnylven.
Det vart ei jordnær tale med sterke og klare meiningar til ettertanke som fekk ei fullsett storstove i Sunnylven til å lytte.
Det var ei av dei gode 17. mai-talane på Hellesylt nokon gong.

Langeland kom inn på fleire mål og tydingar som mennene på Eidsvoll i 1814 baka inn i grunnlova. Men å leve opp til dei mål er utfordrande, sa ho.
-I 1814 hadde vi verken fotballandslag eller skiheltar, men grunnlova slo fast viktige rettar for alle, til å tale, tru og meine. Alle menneske skulle vere likeverdige.

Lova må spegle vegen i vår tid, meinte Ann Kristin Langeland. Ho fortalde at borna i Hornindal barnehage hadde laga sine eigne paragrafar som dei meinte burde vere med i grunnlova. «Ingen pusar får lov å klore», og «alle born må få ha ei mamma, ein pappa og ei besta».
Det var paragrafar som hadde ei meining, at alle måtte få ha gode personar rundt seg.
Slik var det ikkje alltid i dag med urett for mange, men det må vi vere på vakt mot og hindre. Vi må ta ansvar og bidra til at alle får ha det godt, sa Ann Kristin Langeland og siterte frå Bjørn Eidsvåg; «Det er tungt å ta tilbake ei friheit som er tapt».

-Rundt omkring i Storfjorden er folk gjestfrie. Vi inviterer gjestar frå heile verda til å kome hit, men kva ville fjorden vere utan levande bygder. Vi treng menneske som tek dette i vare, vi høyrer til her med dugnadsånd og frivilligheit frå lag og organisasjonar og der vi vågar å seie at dei er viktige.
Alle må vere med, også dei som meinar at dei har gjort nok. Ingen vil vere tent med at berre dei andre skal stille opp, sa rådmann Ann Kristin Langeland mellom anna i si 17. mai-tale på Hellesylt.
Ho avslutta ei av dei gode talene på Hellesylt på  nasjonaldagen med å sitere frå Arnulf Øverland sitt dikt «Til friheten».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380