Tapte på overtid

Sunnylven/Stranda 2 står fortsatt utan siger når to kampar er unnagjort. Tysdag reiste Åram/Vankam med alle poenga på overtid.

04.05.2014 08:41:55

Her er Eivind Louis Helset sitt referat slik han såg kampen frå tribuneplass.
Sunnylven/Stranda 2 – Åram/Van.Kam 3 – 4 (1-1)

Keeper : Even Korsadal
Forsvar : Przemyslav Kaminski(Kamik), Daniel Støverstein, Henrik Johnsen, Stein Kristoffersen.
Midtbane : Gunnar Espelund, Bård Forbord, Asbjørn Karbø, Oskar Røyr
Angrep : Jørgen Helset, Alf Ole Sundgot
Innbyttera : Erlend teigen, Jarl Vegard Røyrhus, Odin Dyrkorn, Ole Arnstein Ringdal.
Alle innbyttera benytta.

6 min Corner som blir slått frå høgre frå Bård. Asbjørn går opp i duell og setter den sikkert inn via bakken. 1-0.
13 min Dobbelsjanse til Sunnylven der Bård legger inn, Alf Ole prøver seg på brasse frå 16 meteren som går i ryggen på ein motstandar. Gunnar fyrer av eit skudd som går langt over.
14 min Corner til ÅVK som blir lagt lavt ut mot 16 meteren. Skuddet blir blokkert mens skudd nr 2 går i nettveggen på utsida.
17 min ÅVK kjem framover på deira venstreside. Skuddet blir blokkert av forsvarar til corner. Den påfølgande corneren blir enkelt avklart frå heimelaget.
18 min Alf Ole blir både avblåst for offside og like etterpå dreg han på seg gult kort då han triller ballen vekk når bortelaget skal ta innkast.
21 min Alf Ole set eit skudd langt til side for mål.
22 min Alf Ole sender Jørgen igjennom på ein fin stikkar, men keeper til ÅVK er tidleg ute og får avverga situasjonen.
23 min Oskar sender avgårde eit skudd som er enkelt for keeper å redde.
24 min Ein ÅVK spelar blir sendt igjennom med ein lang stikkball. Muligens offside, men marginalt. ÅVKspelaren er kald og plasserer ballen enkelt mellom keeper og stolpen. Det står 1-1.
27 min Kamik blir skada etter ei stempling og blir liggande nede. Sunnylven er tvungen til å foreta eit bytte og Erlend kjem inn på bana.
28 min Jørgen blir avblåst for offside.
30 min ÅVK skiftar keeper.
31 min ÅVK skapar ein stor og farleg overgang. Kjem med mykje folk. Avslutninga går derimot eit godt stykke utanfor målet til Sunnylven.
35 min Sunnylven får frispark frå ca 25 meter. Bård tek det og blåser ballen langt utanfor.
38 min Corner til Sunnylven. Bård slår den lavt inn og Alf Ole prøver seg på eit lurt hælspark, men forsøket blir blokkert og avklart.
41 min På eit godt innlegg frå høgrekanten får Asbjørn gå åleine opp, men set ballen til side for mål.
42 min Trippelsjanse for Sunnylven. Alf Ole, Daniel og til slutt Oskar prøvar seg alle tre på skudd, men skuddet frå Oskar går til slutt utanfor.
44 min Jørgen vinn ein duell og legger ut til Oskar som skyter frå langt hold, keeper gir retur men ÅVK får klarert.
45 min Det står 1-1 til pause.

Sjanser 1 omgang. Sunnylven 9, ÅVK 7

46 min Eit langt gjennomspel frå mitden gjer at ÅVKspissen kjem åleine med Daniel. Daniel får ikkje klarert og spissen gjer ingen feil då han set ballen enkelt igjen mellom keeper og stolpe.
49 min Corner ÅVK. Lav corner ut på 16 meter. Skuddet går lavt mot mål, men blir avklart til kast.
50 min Eit oppspel frå midten av ÅVK blir til eit skudd som blir blokkert ut til corner.
52 min Stein blir også stempla og skada og Sunnylven set inn Odin istedenfor.
56 min Rødt kort ÅVK. Keeper feller Jørgen som er igjennom heilt åleine. Klart rødt kort og straffe.
58 min Det drøyer litt før Sunnylven kan ta straffa. Når det er på tide er det Alf Ole som skal ta den. Alf Ole setter den på innsida av stolpen, men den spretter desverre ut igjen. Asbjørn får sjansen til å sette returer, men den går som ei løfse inn til keeper.
62 min ÅVK avsluttar med eit skudd langt over målet til Sunnylven.
69 min Eit veldig bra skudd frå ÅVK blir fint redda av keeper Even.
70 min Jørgen er igjen på tur bak forsvaret og blir på nytt ureglementert tatt. Ny straffe som ikkje var like klar som den fyrste.
71 min Straffe nr 2 er det Gunnar som skal ta. Den blir plassert utanfor mål. Fremdeles 1-1 etter 2 straffer for Sunnylven.
73 min Asbjørn får avgårde eit skudd frå venstre kant av 16 meteren. Ballen går i fin bue forbi keeper og det står endelig 2-2.
75 min Sunnylven får frispark ca på midten. Bård slår ein lang ball in mot målfeltet der Alf Ole dukkar opp og stussar til ballen med panna. Keeper får ei hand på ballen, men det er ikkje nok og ballen går i mål og vertane er i leiinga 3-2.
78 min Duell der Oskar dreg på seg gult kort.
80 min Nytt keeperbytte på ÅVK
83 min Asbjørn dreg på seg gult kort.
86 min ÅVK får ein feil idømt corner. Den påfølgande corneren fører til rot i forsvaret til Sunnylven. Ballen blir aldri klarert men istadenfor snappa opp av ein ÅVKspelar som setter ballen i nettet bak Even. 3-3
89 min ÅVK skapar ei kontring og overgang mot Sunnylven. Ballen sit desverre i nota igjen for gjestane som har klart å snu underlag til sin fordel i løpet av få minutter med ein mann mindre på bana. 3-4.
90 min Kampen er ferdig og ender med borteseier, ein borteseier som kjentes veldig surt med tanke på ledelse til Sunnylven heilt til det 86 minuttet, og ein mann meir på bana i lang tid i 2 omgang.

Sjanser 2 omgang. Sunnylven 6, ÅVK 10

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380