Uventa cruisebesøk på Hellesylt

Onsdag la cruisebåten Azura til ved Hellesylt kai. Over 3000 passasjerar gjekk i land og viste igjen i gatebildet på Hellesylt og området ikring.
Fredrik Stadheim – 07.05.2014 12:59:52
Det vart nærmast eit cruise-sjokk for Hellesylt onsdag då 290 meter lange Azura med over 3000 reisande ombord uventa la til ved Hellesylt kai på føremiddag.
Båten skulle etter cruiselista til Geiranger, men kom til Hellesylt i staden der han skulle ligge til kl. 17.00.
På Hellesylt kunne ein møte på passasjerar i alle aldrar, i barnevogn og i rullestolar både i sentrum, opp forbi kyrkja og heilt opp i byggefeltet på Reset.
Andre la i veg om Åseneset til Åsen og tilbake, ein rundtur på knappe to timar. Vi møtte også mange etter bygdevegen, heilt opp til Stadheim, 3.0 km,. frå sentrum.
Som venta vart Hellesyltfossen fotografert, kvernhuset vart studert og det same vart juvet i Dalaelva oppe ved Høge bru.
Det yra av folk alle stader. For dei som vil satse på å gjere turisme til ei næring må onsdag vere eit synleg bevis på at det kan gå an også på Hellesylt.
Onsdag var det lite å oppleve for dei reisande utanom det visuelle synet som møtte dei i ein vårvakker turiststad innarst i Sunnylvsfjorden.




