21. april 2026

Aktiv dag ved Sunnylven skule

Torsdag var det stor aktivitetsdag ved Sunnylven skule. Det vart mange utfordringar i samarbeid, kreativitet og ferdigheiter for elevane.

Dagen starta med ei rebusløype frå skulen om Svarthammaren og tilbake. I terrenget var plassert ni postar, kvar post med tre svaralternativ. Åtte elevar på kvar gruppe skulle finne det rette svaret.
Tre lag greidde alt rett og eitt lag kom i «mål» på idealtid, 65 minutt. Også dei andre hadde det meste rett.

På skuleområdet var det fleire øvingar der ferdigheiter og praktiske løysingar kom i fokus.
Å frakte vatn i ei lita ause over hinder, gå på bruskasser og flytte dei fram etter kvart, eller «knuse» ned alle metallboksane med å kaste små ballar var nokre av utfordringane.

Ein vellukka aktivitetsdag vart avslutta på sandvolleybana.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →