Lokalnytt

Årets største i Korsbrekkeelva

Rune Tryggestad t.v. og Tore Rusten med laurdagens laksefangst. (Foto: Ole A. Ringdal)
Rune Tryggestad t.v. og Tore Rusten med laurdagens laksefangst. (Foto: Ole A. Ringdal)

Rune Tryggestad fekk årets største laks i Korsbrekkeelva laurdag morgon. Vekta stoppa på 12.5 kilo.

Fredrik Stadheim  –  21.06.2014 20:58:42
Like nedanfor Fløtehølen slo fisken til på sluk, fortel Rune Tryggestad. Det bast nedetter elva, men like før Hellesylt stadion måtte ruggen på land.
Artig og spanande, men ikkje ein uvanleg operasjon med ein stor laks på kroken, forsikrar storfiskaren.

Tryggestad sin laks var ikkje den einaste som vart teken i Korsbrekkeelva laurdag. Også Tore Rusten fekk stor fisk på kroken i Steimshølen. Den vog 8.4 kilo.

Fisket i Korsbrekkeelva  har ikkje vore alt for bra så langt i sommar fordi vassføringa har vore i største laget, hevdar røynde sportsfiskarar .
Rundt 20 fiskar er landa til no, dei fleste på rundt 3 – 4 kilo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380