Asbjørn Tryggestad programvert på utescena

Asbjørn Tryggestad.

Asbjørn Tryggestad.

Asbjørn Tryggestad med slektsrøter frå Sunnylven blir programleiar på utescena under Sommardagar på Hellesylt.

Fredrik Stadheim  –  25.06.2014 21:35:20

Det har lenge vore uvisst kven som skulle leie programmet frå utescena på Hellesylt 5. og 6. juli. Onsdag kveld kunne Svein Sporstøl i programkomiteen bekrefte at Asbjørn Tryggestad hadde sagt ja til jobben.

Tryggestad har hatt jobben som programleiar med suksess tidlegare, i tre år frå 2002 til 2004 og i 2011.

Det er variert underhaldning Tryggestad skal presentere både laurdag og søndag. Her er programmet på utescena:

Program laurdag:
12.00: Band Hellesylt.
12.10: Sokneprest Stein Bernhard Karstensen opnar Sommardagar på Hellesylt.
12.20: Band Stranda.
12.30: Presentasjon av Instagramkonkurranse
12.40: «Fossedur».
13.10 – 15.00: Pause.
15.00: Allsong på Hellesylt.
16.00 – 17.00 Bingo frå utescena.

Program søndag:
13.00: Song av Veronika Ø og Johanne T.
13.10: Song av Veronica J. /gitar
13.15: Finale tautrekking.
13.35: Ole Hjalmar, gitar og song.
13.40 – 15.15. Pause.
15.15: Utdeling av premie for traktorløp.
15.30: Vinnar «Norske talenter», Stine Hole Ulla på utescena.
16.00:: Folkemusikk.
16.20: Leikarring.
16.40: Pause fram til 17.35.
17.35: Gåvemiddlar frå Sparebanken Møre.
17.45: Premieutdeling for Instagram og «Det store andesleppet»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380