Sommardagar på Hellesylt 2014

Beitar i Bygdetunet

Andrea, Sofie, Hanne og Lone svermar kring Perrock. Lengst til høgre står Rein og Trond Åge Dyrkorn.
Andrea, Sofie, Hanne og Lone svermar kring Perrock. Lengst til høgre står Rein og Trond Åge Dyrkorn.

Perrock er kvit og brun og Rein er berre brun. Begge ponniane lever gode dagar i Hellesylt Bygdetun.
Andrea og andre unge og vaksne med etternamn Dyrkorn/Kjellstad på Haugen i Nibbedalen har hatt Perrock og Rein i fȏr i vinter.
Shetlandsponniane har god matlyst så i tillegg til høy, surfor og gras er mellom anna gamle brød ei delikatesse.
No beitar dei heimebøen i Hellesylt Bygdetun. Her reinskar dei fint etter sauene som beita der tidlegare i vår.

Perrock og Rein skal på Sommardagar på Hellesylt, fortel Andrea. Dei blir å sjå i sentrumsgata både laurdag og søndag.
Då blir det også høve til ein liten ridetur til rimeleg pris for den som har lyst, seier ho.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380