Lokalnytt

Dennis Storhøi til Hellesylt.

Skodespelar Dennis Storhøi blir å høyre på Hellesylt torsdag.
Skodespelar Dennis Storhøi blir å høyre på Hellesylt torsdag.

Skodespelar Dennis Storhøi kjem til Hellesylt torsdag 12. juni. Han opnar det nye opplegget for presentasjon av trerelieffa i Peer Gynt Galleriet.

Ved Peer Gynt Galleriet er det på plass eit lyd- og lysopplegg som gjev informasjon og ei unik oppleving av trerelieffa frå Henrik Ibsen sitt store drama Peer Gynt.

Multi-media forestillinga på 35 minutt er spela inn med både norsk og engelsk tekst og musikk av mellom anna Edvart Grieg.

Talen til kvart av dei 11 bileta er lese inn av skodespelar Dennis Storhøi, kjent mellom anna frå rolla som Peer Gynt i forestillingar ved Gålåvatnet i Vinstra.
Torsdag er han med på relansering av kunstnaren Oddvin Parr sitt store arbeid, kunst i verdensklasse som er utstilt i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380