Ferjecruise med pensjonistar

Torsdag denne veka var nitten pensjonistar frå Sunnylven omsorgssenter på sin årlege ferjetur til Geiranger.

Torsdag var det klart for sommarens utflukt til Geiranger for nitten pensjonistar frå Sunnylven omsorgssenter saman med fire av dei tilsette. Dei var invitert om bord i turistferja Veøy av ferjemannskapet på gratis ferjetur.
Og slik har det vore dei fem siste somrane, fekk vi oss fortalt. At det er Veøy som inviterer skuldast at ferja har heis frå bildekk til salongar, noko mange gjorde seg nytte av.

Mange pensjonistar blir gamle i Sunnylven. Om det er godt stell på omsorgssenteret eller andre årsaker kan vel ingen svare på. På ferjecruiset var med staute reisande på 102 år, og 100 år pluss 8 månader.

Om bord vart det servert sveler og kaffi frå kokk Kjell Øverland, også det utan at det kosta noko.

Turen fram og tilbake på fjorden gjekk fort. Mange gode historier vart fortalt om folket og livet på fjellgardane. Minneboka er rik på innhald og er framleis levande hos dei fleste.
På ferjeturen vart stadnamn og forteljingar kommentert. Det som blir kalla Helvetesjølet heiter Skrapejølet, Friaren heite Skagedalsfossen og Dei sju systre har sitt utspring frå Knivsflåelvane.

Torsdag var berre seks av dei sju systrene synlege. Kanskje var det slik ein guide forklara nokre turistar ein gong då der berre var seks, at den sjuande var reist på fødestova.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380