Lokalnytt

Flaug stupetårn på plass

doc_4174_2

Søndag vart reisverket til nytt stupetårn ved badehuset på Hellesylt frakta på plass. Tårnet er bygd ved HT Bygg AS Hellesylt og fekk si luftige reise med helikopter til badestranda.

Fredrik Stadheim  –  29.06.2014 19:36:47
Han hadde aldri frakta eit stupetårn på plass med helikopteret, men Hans Marius Ringdal frå Hellesylt har tre års erfaring med helikopterflyging og bygging av såkalla monstermaste til kraftselskap.
Difor var det tilsynelatande ein enkel jobb han utførte då Hellesylt Ungdomslag og konstruktørane HT Bygg AS Hellesylt fekk på plass reisverket til det 9.5 meter høge stupetårnet ved badehuset på Hellesylt.
Med presisjon vart det plassert på eit nytt solid fundament  av jarnpålar, betong og ospestokkar.

Det ligg store kostnader i bygging av nytt stupetårn ved det serprega badehuset på Hellesylt. No reiser det seg eit tårn konstruert etter gamle bilete og så likt som råd det som stod der frå fyrst av.
HUL-leiar Marianne Fivelstad trudde ikkje då ho for fire år sidan kom tilbake til Hellesylt frå skule i Trondheim at det skulle kome eit nytt stupetårn ved badehuset.
Ho forstår at nokre meinar HUL  er galne som kostar på så mykje, men faktum er at det no blir ei heilheit i både badehuset og heile badestranda, meinar ho.
Men det har kosta tusenlappar. Fundamentet med pæling av jarnpålar fylte med betong til under fjøre sjø, ospestokkane og platten oppå har til saman kosta 450.000.- kroner. Stupetårnet slik det reiser seg vil koste 300.000.- kroner fortel Marianne Fivelstad.

Arbeidsteikningar til det 9.5 meter høge stupetårnet er laga av Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa og Stanislav Smigiel, alle tilsett ved HT Bygg AS Hellesylt har utført snikkarjobben.
Materialane er malmfuru, skrudd saman med syrefaste gjengestag og boltar. Vekta var avgrensa til 1020 kilo då helikopteret løfte 1100 kilo.

No står det att å lage plattformer og trapper i tårnet. Det blir opningsfest i det nye stupetårnet, men når veit ikkje Marianne Fivelstad. Det må vi førebu litt, men kanskje rundt olsok, seier ho.

Oskar var litt stolt av onkel Hans Marius som flaug stupetårnet på plass. Også HUL-leiar Marianne Fivelstad var nøgd.
Oskar var litt stolt av onkel Hans Marius som flaug stupetårnet på plass. Også HUL-leiar Marianne Fivelstad var nøgd.
Perfekt utført jobb, Frå venstre Kristoffer Frøysa, Tarjei Korsbrekke Even Andre Bjørneset, Geir Frøysa og Asle Ringdal. Skjult bak Stanislav Smigiel.
Perfekt utført jobb, Frå venstre Kristoffer Frøysa, Tarjei Korsbrekke Even Andre Bjørneset, Geir Frøysa og Asle Ringdal. Skjult bak Stanislav Smigiel.
På plass ved badehuset på Hellesylt.
På plass ved badehuset på Hellesylt.
Her ved HT Bygg, Hellesylt starta den luftige reisa for stupetårnet.
Her ved HT Bygg, Hellesylt starta den luftige reisa for stupetårnet.
Sentrale personar søndag, frå venstre helikopterpilot Hans Marius Ringdal, Stanislav Smigiel, Kristoffer Frøysa og Tarjei Korsbrekke, alle frå HT Bygg, Hellesylt.
Sentrale personar søndag, frå venstre helikopterpilot Hans Marius Ringdal, Stanislav Smigiel, Kristoffer Frøysa og Tarjei Korsbrekke, alle frå HT Bygg, Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380