Lokalnytt

God fyrsteslått

Fyrsteslåtten nærmar seg ferdig og ser ut til å bli over eit normalår i Sunnylven.
Fyrsteslåtten nærmar seg ferdig og ser ut til å bli over eit normalår i Sunnylven.

Drivande vekstver førte til tidleg slått i heile Sunnylven. Og avlingane ser ut til på vere over eit normalår.

Fredrik Stadheim  –  25.06.2014 09:42:23
Leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad sat på traktoren og nærma seg avslutning på fyrsteslåtten då vi tok kontakt over telefon. Han var godt nøgd med det han hadde fått i hus.

-Det blir over eit normalår, i motsetning til i fjor då overvintringsskadar øydela grasavlinga med opp til 80 – 90 % for enkelte. I år er det ingen slike skadar, men i dei brattaste bakkane og der det er sand og morenejord vart det litt for tørt.
Men også det har sine fordeler. I alle bakkar på Hole var det fast og fint så vi kunne hauste alt med forhaustar og avlessarvogn utan å få køyreskadar, fortel bondeleiar Peder Hellebostad.

Det aller meste av grasavlingane i Sunnylven blir i dag hausta i balgar og pakka i plast. Litt blir også hausta og lagt i silo, men den gamle måten med hesjar og tørking til høy har den effektive norske bonden slutta med.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380