Hellesyltløpet laurdag 5. juli.

Frå Hellesyltløpet i 2012. Lynløparane Sondre Grønvoll, Hans Christer Holund og Anders Mølmen Høst lengst til høgre.

Frå Hellesyltløpet i 2012. Lynløparane Sondre Grønvoll, Hans Christer Holund og Anders Mølmen Høst lengst til høgre.

Hellesyltløpet under Sommardagane 5. juli er eit terrengløpet med start og målgang på Hellesylt stadion. Dei siste åra har rundt hundre stilt til start.

Hellesyltløpet går i variert terreng og etter grus, asfalt og grasbakke.
Klassene er inndelt i gutar/jenter opp til 16 år med løypelengd ca. 1.600 meter, og menn/kvinner/senior med løypelengd 6.6 km. og høgdeskilnad ca. 60 meter.

Påmelding før start

Løyperekordar: Gutar: Gaute Bø, Markane IL 4.41. Jenter: Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL 6.12. Kvinner: Hilde Lauvhaug, Lyn Ski 25.02. Menn: Anders Mølmen Høst, Lyn Ski 21.16.

Laurdag startar det 27. Hellesyltløpet på Hellesylt stadion kl. 14.00. Det er påmelding før start same dag, men arrangøren oppmodar alle som vil delta om å vere ute i god tid før start med påmeldig, helst før kl. 13.30.

Odd Arild Dale, Førde IL er sjølvaste «mister Hellesyltløpet». Han har delteke i alle løp og gjort det skarpt. Det har blitt fleire sigrar og løyperekordar gjennom til no 26 løp, ei deltaking som starta etter eit veddemål.
I fjor gjorde han unna dei 6.6 km og kom han i mål på 31.00, ei sterk tid i ei krevjande løype. Arrangøren håper at både han og fleire terrengklatrarar kjem og set farge på løpet laurdag 5. juli.

Sterk tropp frå Lyn Ski

I 2007 sletta Kristian Nedregård, Tjalve IL, den gamle løyperekorden til Helge Havsås på 22.22. Den ny rekordtida på 21.47 skulle stå fram til 2012 då Andres Mølmen Høst, Lyn Ski, Oslo sprang inn til 21.16. Då var langrennsløparar frå Lyn Ski på treningssamling i Sunnylven og stilte til start i Hellesyltløpet.
«Lyn-nedslag i Hellesyltløpet» stod det å lese i Sunnmørsposten sitt referat frå konkurransen etter at Osloklubben la beslag på åtte av dei ti fyrste plassane i herreklassa.
Også i fjor hadde Lyn Ski treningssamling med deltaking i løpet, og det same skjer i år. Rundt 15 langrennsløparar frå klubben er venta og stille til start i Hellesyltløpet.

Arrangøren har stort premiebord gjeve av næringslivet. Løpet har også ei eiga medalje, bronse etter tre løp, sølv etter seks løp og gullmedalje etter ti fullførte Hellesyltløp.

Knut Anders Hatlen, Stranda IL har gode plasseringar i Hellesyltløpet og personleg bestetid 22.58 frå i fjor.

Knut Anders Hatlen, Stranda IL har gode plasseringar i Hellesyltløpet og personleg bestetid 22.58 frå i fjor.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380