Historisk smell på fylkesveg

  • doc_4130_2
    Oddbjørn Pladsen til venstre og Frank Sve gratulerer kvarandre med smellen som leiar i samferdselskomiteen Oddbjørn Vatne utløyste.
  • doc_4130_13
    Skytebas Oddbjørn Bakås ordnar alt klart til å trykke på knappen for Oddbjørn Vatne. Arne Ola Stavseng i Statens Vegvesn til venstre
  • doc_4130_14
    Mange var til stades under den historiske veghendinga på Ljøen.

 

Fyrste salve på siste etappe i rassikring av fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Røyr vart fyrt av torsdag. Ein historisk smell i rassikringsarbeidet.

Det var leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne som under oppsyn av skytebas Oddbjørn Bakås trykte på knappen og løyste ut den historiske salva. Det skjedde ved innslaget til den 3650 meter lange, nye Ljøtunnelen med presse, folk frå Statens Vegvesen og arbeidarar frå entreprenørar til stades.

Fyrte av

-No er vi i gong, kommenterte Oddbjørn Vatne etter at ladninga var utløyst.
Han fekk oppdraget som «skytebas» fordi han har vore ein sterk pådrivar for å få framdrift i prosjektet, sa prosjektleiar i Statens Vegvesen Oddbjørn Pladsen og la til;
Når det gjeld finansiering bidreg Staten med det meste, men fylket må av og til forskottere slike anlegg på fylkesvegar som dette.

-Godt å lukkast

Det var mange nøgde personar å sjå på Ljøvegen torsdag. Mellom dei var tidlegre Stranda-ordførar Frank Sve. Han har vore aktiv pådrivar, ikkje minst å få framdrift i rassikringa då det heldt på å stoppe heilt opp for åtte, ti år sidan.
Gjennom politisk arbeid og bygging av samarbeidspartnarar vart det ny fart, og som no går mot full rassikring av den viktige samferdselsåra.
– Det er kjekt når ein får til noko, var den knappe kommentaren frå Frank Sve.

Ferdig om vel to år

Den nye Ljøtunnelen i tredje byggesteg blir 3650 meter lang, det blir bygd nokre hundre meter ny veg både på Ljøen og Herdalen, og ein røyrtunnel på Røyr på vel 400 meter.
Skanska Norge er hovedentreprenør med tre underentreprenørar, T. Engen AS, Opshaug Sandtak AS og Mesta AS.

Det er venta gjennomslag av den nye tunnelen i juni 2015. Heile anlegget skal vere ferdig rassikra til jul 2016.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380