«Hundre år med Prøysen»

  • doc_4125_2
    Her øver 8. og 9. klasse på scena under instruksjon frå rektor Trond Otto Berg.
  • doc_4125_13
    Elevane skriv sjølve tekst som skal binde programmet saman. Frå venstre Brede Ringdal, Rikard Eide Ljøen, Ole Iver Kjellstad, Kathrine Grov Øksvang.

Onsdag 11. juni inviterer elevane i 8. og 9. klasse ved Sunnylven skule til underhaldning med song og musikk etter Alf Prøysen.

«Hundre år med Prøysen»  heiter oppsetjinga som 8. og 9. klasse ved Sunnylven skule øver inn. Premiere blir onsdag 11. juni i Sunnylven samfunnshus. Der er alle velkomne, både slekt, vener, unge og eldre seier dei 18 elevane.

Under programmet får publikum høyre ni av Alf Prøysen sine mest kjende songar.

Elevane syter sjølve for musikk til songane og trakterer både piano og gitar.
Opplegget er valfag  «Frå sal og scene» for dei to klassene.
Instruktør og lærar er kulturskulerektor Trond Otto Berg.

Elevane gler seg til forestillinga og håper mange kjem innom kl. 17.00 onsdag 11. juni. Det blir dekka med småbord og framsett både kaffi og kaker i samfunnshussalen under forestillinga som har gratis inngang.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380