I hus med utegudsteneste

Etter gudstenesta fortalde Oskar Korsbrekke (i midten) om hendingar i Moldskreddalen i eldre tid.

Etter gudstenesta fortalde Oskar Korsbrekke (i midten) om hendingar i Moldskreddalen i eldre tid.

Regnbyger med snø i fjelltoppane på søndag førte til at «kyrkjegåarane» i Sunnylvs-Moldskreddalen trekte i hus.


Den årlege friluftsgudstenesta i Moldskreddalen samla 16 unge og eldre. Oskar var eldst og nærmar seg no 101 år medan Fredrik var yngst med sine vel to år.

Sommarveret var ikkje det beste, så sokneprest Stein Bernhard Karstensen baud «kyrkjegåarane» i hus i selet til Arne Korsbrekke. Der var det god plass til alle.

I tillegg til preike vart det både tekstlesing, veksellesing og salmesong i seterhuset på Bygdastølen.
Gudstenesta vart avslutta med velsigning og Peter Dass sin salme; «Herre Gud ditt dyre namn og ære».

doc_4167_13

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380