Lokalnytt

Konsert med kulturskuleelevar

Johanne og Veronica si framføring av låta «Radioactive» var eitt av høgdepunkta då Stranda kulturskule hadde sommaravslutning med elevar frå Sunnylven.

Publikum var invitert både til Sunnylven kyrkje og Sunnylven samfunnshus til sommaravslutning med kulturskuleelevar frå Sunnylven skule fredag kveld.
I eit par kveldstimar fekk publikum møte unge, talentfulle aktørar i song og musikk.

Det spirer og gror utruleg godt i mellom unge utøvarar i bygda. Talent kombinert med gode lærekrefter har gjeve framføringar som då vi var på same alder ikkje kunne glede andre med.
Ei fele i song og musikktimane og eit gitarkurs mellom misjonskvinner var også ein slags kulturskule den gongen.

Sommaravslutninga fredag kveld starta i Sunnylven kyrkje der Lars Kvam Karbø opna med framføring av «Toccata» av Johan Sebastian Bach. Lars Kvam Karbø meistra det store kyrkjeinstrumentet og let mektige tonar fylle det flott konsertlokale.

I kyrkja fekk vi møte også Amalie og Hanne, Kristine, Sigrid Imilie, Sara og Andrea, alle elevar av Synnøve Hjellbakk Hole.
Det spirer godt også mellom dei mange i Felegruppa.

Sunnylven skulekorps bles avslutningsfesten i gong på Sunnylven samfunnshus, utan tvil det beste korpset i kommunen. Vi merka oss dei to 10-åringane på slagverk, Loke Kjellstadli og Knut Iver Røyrhus, men heile korpset skal ha skryt.
Fredag var det verkeleg trøkk i framføringa som starta med «Sunnylvsmarsj» av Helge Fivelstad og avslutta med poplåt av Michael Jackson. Dirigent var festleiar og rektor Trond Otto Berg.

Mange elevar ved Sunnylven skule øver i band under lærar Erik Torset. Frå dei vart det fleire framføringar og mykje speleglede.
Kristin og Bertine trakterte gitar og song The Beatles-låta «Hey Jude», Veronica og Johanne spela også gitar og kom med ei imponerande framføring av låta «Radioactive», før dei heldt fram med ny song, forsterka med Ingeborg på piano.

Finalen på sommaravslutninga var med det store bandet, med lærar Torset, Ingeborg, Maria, Veronica, Inger på vokal og med Loke og Knut Iver på slagverk.

Rektor Trond Otto Berg takka til slutt alle elevar og lærarar for innsatsen og annonserte nytt kulturskuleår frå august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380