Sommardagar på Hellesylt 2014

Kyrkjekonsert med Elisabeth Andreassen

Elisabeth Andreassen blir årets songartist i Sunnylven kyrkje fredag 4. juli. Kyrkjekonserten innleiar dei 27. Sommardagar på Hellesylt.

Elisabeth Gunilla Andreassen, populært kalla «Bettan» er kjent for dei fleste gjennom konsertar og opptreden i radio og TV.

Elisabeth Andreassen sine foreldre kom frå Sykkylven på Sunnmøre, men ho er født i Sverige. Sitt vaksne liv har ho budd i Norge.

I 1985 nådde ho eitt av sine store høgdepunkt som songartis då ho saman med veninna Hanne Krogh og gruppa “Bobbysocks” sigra i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix med “La det swinge”. I 1988 vart “Bobbysocks oppløyst. Ho har seinare gjeve ut eit stort antall album og syng alt frå country til musikalar.

Arrangørane av Sommardagar på Hellesylt er svært godt nøgde med at dei har sikra seg denne profilerte og folkekjære artisten til opningskonserten i Sunnylven kyrkje 4. juli.

I ei 20 siders messeavis som kjem ut i veka før Sommardagar på Hellesylt 4. til 6. juli kan du lese meir om Elisabeth «Bettan» Andreassen og andre ting som skjer under det  årvisse sommararrangementet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380