Lensmannsstova på Lillebø

doc_3644_2

Det store, gamle våningshuset i tunet til Synnøve og Hans Hole på Lillebø er blitt restaurert. Lensmannsstova har blitt like vakkert og stilfullt slik det var ein gong både inne og ute.

I Lensmannsstova budde gamlelensmannen i Sunnylven, Knut Amundson Hole og familien. Huset er bygd i 1895. Den to etasjer store bygninga var hovedhuset på garden fram til 1978 då vart det bygd nytt våningshus.
Kva som skulle skje med det gamle var usikkert, men etter mange vurderingar att og fram valde Synnøve og Hans å restaurere det.

No er dei nær i mål med eit arbeid som har teke tid, kosta mykje og som også mange i familien har teke del i. Resultatet har blitt fenomenalt, eit stasbygg både ute og innvendig.

Sjå eiga nettside og opplysningar om eigarane, huset, og anna: http://www.lensmannsstova.no/

Lenssmannsstova er eit gamalt tømmerhus frå 1890. Huset er nyleg pussa opp og restaurert til sin opphavlege stil, og representera ei gamal historie. Huset har fine salar som egnar seg godt for selskap og intimkonsertar. I tillegg er det mogeleg for overnatting for inntil ti personar. Huset ligg i storslått sunnmørsk natur, med gode moglegheiter for korte og lange turar både til fots og på ski. Sunnmørsalpane med spektakulære Hornindalsrokken, Kvitegga, Slogen, Saksa og Skruven ligg mellom 2-30 minutt i kjøring med bil frå garden.

Lenssmannstova er fint plassert på Lillebø, langs riksveg 60, fem km frå Hellesylt i retning mot Stryn. Frå Hellesylt går det ferje til Geiranger gjennom det vakre verdsarvområdet Geirangerfjorden. I tillegg kan ein ta turen til unike Norangdal, med sine stupbratte fjell og vatn, ti minutt med bil, og vidare til Øye, Sæbø og Ørsta. Hellesylt ligg 50 km frå Stryn, 30 km frå Stranda og to timar frå Ålesund.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380