Metta seg på potetball

Dagleg leiar Jon Sundgot og Kajsa Follin serverte potetballmiddagen som fekk mykje ros. Her saman med leiar i Sunnylven Pensjonistlag Astrid Langeland.

Dagleg leiar Jon Sundgot og Kajsa Follin serverte potetballmiddagen som fekk mykje ros. Her saman med leiar i Sunnylven Pensjonistlag Astrid Langeland.

Torsdag var årets fyrste potetballdag på Peer Gynt Galleriet. Og torsdagar blir fast balldag på kunstsenteret, lovar dagleg leiar Jon Sundgot.

Det var Sunnylven Pensjonistlag som inviterte til samling kring den staute matretten. Nær 50 pensjonistar melde seg på og fekk god servering.
To potetball, pølser, kålrot, salta kjøt, ekstra poteter og bacon i feitt bestod måltidet av. I tillegg drikke og ein kopp kaffi.  Eit måltid som smaka godt.

Leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Astrid Langeland ønska alle vel møtt til «balljefesten» og til eit heldig val av dag, for ute regna det. Ho fortalde litt om planane til
Pensjonistlaget og tilstelningar framover, gjerne i samarbeid med Sunnylven sanitetslag, sa ho. Til hausten kan det bli tur til Geiranger for å sjå seg rundt, både på Fjorsenteret og dei gamle bilane ved Union Hotel.

Litt song vart det også tid til under middagen på Peer Gynt Galleriet. Rimsmeden Astrid hadde laga ein treffande song som vart unisont framført heile to gonger.
Og det vart som eine verset avslutta;
«No skal vi ete ballj med mør, i glaset har vi Tine skjør. La dette bli ein hivens dag, der vi kan ha det kjekt i lag»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380