Ny styreleiar i Peer Gynt Galleriet

Ole Arnstein Ringdal er styreleiar i Peer Gynt Galleriet AS.
Ole Arnstein Ringdal er styreleiar i Peer Gynt Galleriet AS.

Under generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS på Hellesylt torsdag var Ole Arnstein Ringdal valt til styreleiar. Han tek over etter Øystein Ljøen som ikkje ynskte attval.

Fredrik Stadheim  –  27.06.2014 09:22:51

I alt 2168 av selskapet sine 3223 aksjar i Peer Gynt Galleriet AS var representert på generalforsamlinga. Her vart det lagt fram rekneskap og årsberetning som vart godkjent samrøystes.

Det vart store endringar ved val av styre for kunst- og kultursenteret med ny styreleiar og tre nye styremedlem. Alle val vart gjort med aklamasjon.

Styret er: Ole Arnstein Ringdal, styreleiar, Per Magne Mork, Øystein Ljøen, Lena Parr (ny), Åse Elin Hole (ny), Jan S. Storstein (ny).
Valnemnd: Ruth Hole Aaland, Lisbeth Lervik, Marit Sæten Opsvik.
Jon Péle Sundgot vart tilsett som dagleg leiar ved senteret frå sesongstart 2014.

Peer Gynt Galleriet gjekk i fjor med underskot for andre år på rad. Som i 2012 viste rekneskapen nær 0.5 mill. kroner i minus, 189.000 kroner på sal, resten gjennom finans og drift.
Selskapet har i dag ei lånegjeld på rundt 5.0 mill. kroner. Sum eigendeler er på 7.5 mill. kroner.

-Vi har våre utfordringar, sa avtroppande styreleiar Øystein Ljøen. Han håpa likevel at den negative trenden ville snu.
Det er kome på plass eit multi-media opplegg for presentasjon av dei mange store trerelieffa frå Peer Gynt, eit opplegg som har fått unison ros av dei som alt har fått oppleve presentasjonen med skodespelar Dennis Storhøi som Peer Gynt.

-Det var ei fantastisk oppleving å fylje Oddvin og Kari si omvising, men opplegget no er det beste i kunne få i staden for dei og det er fantastisk, sa Øystein Ljøen som oppfordra alle til å ta runden i galleriet og oppleve dei unike scenebileta skildra gjennom digital lyd og lys.
Sjå reklamefilm for Peer Gynt Galleriet:
https://www.youtube.com/watch?v=F9_QRKBe_1Y

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380