Nytt andeslepp i Hellesyltfossen

Mange av publikum føl andesleppet frå Hellesylt bru, like før mållinja.

Mange av publikum føl andesleppet frå Hellesylt bru, like før mållinja.

Om det blir di eller ei anna plastikkand som dansar ned Hellesyltfossen og kryssar mållinja ved Hellesylt bro fyrst, blir ei spanande oppleving søndag 6. juli.

Andesleppet i Hellesyltfossen er ein av dei store attraksjonane under Sommardagar på Hellesylt. Ei and til 50.- kroner kan gje påfyll på bankkontoen for ti heldige vinnarar.

«Det store andesleppet» er siste post på programmet under Sommardagar på Hellesylt der arrangør Hellesylt Ungdomslag sel lodd både laurdag og søndag.
Loddseljarane vil ha stand i sentrum like ved utescena. Ser du to gule og litt større eksempel av arten kan dei vise veg om du har vanskar med å finne fram i kaoset.
Kjøp gjerne både to og tre andelodd, for det kan løne seg.

I år er det tiande gongen rundt 2000 gule plastikkender, merka med nummer frå en og oppover blir tippa ut frå traktorskuffa på Høge bru og dansar seg ned Hellesyltfossen.

Fyrst til oljelensa

Like forbi den andre brua, Hellesylt bro er det spent ei oljelense over elva. Der ventar juryen med båt, prest og prost ombord.
Fyrste and som kjem til oljelensa er vinnar av andesleppet og 10.000,- kroner som er fyrste premie. Neste and er verd 5.000,- kroner og tredje 3.000,- kroner. Dei sju neste får 1.000,- kroner kvar. Til saman blir det delt ut 25.000.- kroner i premie.

Det var i 2005 at det fyrste andesleppet vart gjennomført. Sidan har det vore årvisst og ein suksess. Med årets «slepp» har arrangøren delt ut ein kvart million kroner i premie.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380