På sommarbeite i Oaldsbygda

  • doc_4141_2
    PÅ veg til Oaldsbygda med sauer om bord i Vestveg to og Ole Ringdal AS sin dyretransport.
  • doc_4141_13
    På land i Oaldsbygda.
  • doc_4141_14
    Ein stor turistbår ut Storfjorden seint fredag kveld.

Ulven som drap 23 dyr i Sunnylven for bonde Per Kjell Leite fekk sitt banesår i natt. At rovdyret er skote er sauebonden på Tryggestad glad for.

Foto: MMS, Leif Rune Tryggestad.

Fredag kveld var Per Kjell Leite og fleire hjelparar komne til Oaldsbygda med siste båtlast sau og lam. Om bord på ferja Vestveg to var 150 dyr.
Tidlegare er det fakta ut 220 sau og lam til sommarbeite i den fråflytte fjordbygda.

Oaldsbygda ligg på østsida av Storfjorden der det ikkje er sett ulv enno. Beitesleppet fredag var planlagt før rovdyret vart skote i Sykkylven seint torsdag kveld, ei nyheit  Leite og andre sauehaldarar er glade for.
Ulven drap 23 dyr for Leite i utmarka på Tryggestad for om lag to veker sidan.
Saknet og tapet av lam og vaksne sauer er stort og betydeleg, seier han.

I Oaldsbygda er det no flotte beiteforhold, store vidder og rikeleg grønt gras, rapporterer sauebonden på telefon fredag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380