Lokalnytt

Sommaravslutning ved Sunnylven skule

Sunnylven skule sitt bidrag i høve 200-års jubileet for grunnlova fylte heile programdelen under sommaravslutninga torsdag kveld. Eit innøvd attersyn som imponerte dei frammøtte.

Storsalen i Sunnylven samfunnshus var meir enn vanleg fylt opp av foreldre og andre slektningar då Sunnylven skule hadde si sommaravslutning torsdag kveld. Som vanleg var det ein lang og flott programdel med elevane.
Denne gongen hadde skulen sett saman eit program til markering av at det er to hundre år sidan Norge fekk si grunnlov.

Det vart ei reise frå fattige kår, krig og fred til rikdom, eit djupdykk i historia frå 1814 og fram til i dag.
Gjennom innslaga frå scena fekk publikum møte nasjonalromantikk gjennom bilete og diktarar, folkedans, bygda sine tidlegare stortingsmenn, Ole Karl Frøsøie og Ole Langeland,  kong Håkon og dronning Maud i 1905, utviklinga fram til allmenn stemmerett, det bakvende landet i EU-kampen, og fram til no der naboen eig villa, eigen bil og ein onkel Skrue-binge med pengar.
Han jobbar i olja, sa Brede Ringdal, ein av forteljarane i programmet.

Vi let oss  nok ein gong imponere over kor naturleg det er for dei unge aktørane å gå på scena og framføre innslag i ei nesten fullsett storstove i Sunnylven.
Det var songinnslag med mellom anna reprise på songar frå Prøysen-kvelden nyleg.
Når Emilie Brekke kjem med «Visa om Staselin», når Inger Ringdal Sæter syng om «Den fyrste løvetann», eller medelevar stemmer i saman med dei to i «Du skal få en dag i mårå», ja då kan VM-kampen på TV vente.
Vi fekk høyre Joyful framføre «Til ungdomen»  med Kristin Storsein som forsongar og Erik Torset på gitar, og alltid inspirerande gode Sunnylven skulekorps som musikkvert for fleire songar. Det var ein kveld for minneboka.

Sunnylven skule tek sommarferie fram til måndag 18. august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380