Sommardagar på Hellesylt for 27. gong.

Det er alltid folksamt og fint ver under Sommardagar på Hellesylt.

Det er alltid folksamt og fint ver under Sommardagar på Hellesylt.

Fredag 4. laurdag 5. og søndag 6. juli blir Sommardagar på Hellesylt arrangert for 27. gong.

Også i år kjem det ut ei fyldig messeavis i veka før det store sommararrangementet på Hellesylt.
På denne nettsida blir det oppdatering av små og store hendingar av det som skal skje på og i nærleiken av Hellesylt fyrste helga i juli.

Hellesylt Næringslag og Hellesylt Ungdomslag har spleisa seg saman med andre lag, organisasjonar og privatpersonar i Sunnylven for å skape ei triveleg helg med spaning, moro og gode tilbod både for store og små.

I år har arrangementet hatt ein eigen programkomite på fem personar som har jobba lenge og godt, og vi lovar at det er mykje å glede seg til under Sommardagar på Hellesylt.
Føl med på nettsida for oppdatering, og gjer deg klar til ein helgatur til Hellesylt fyrst i juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380