Lokalnytt

Sommarfest på Sunnylven omsorgssenter

Nær 60 bebuarar og pårørande deltok på Sommarfesten ved Sunnylven omsorgssenter laurdag, ei samling med både program, bevertning og utloddning.

Kari Hauso Stadheim frå pårørandegruppa ønska vel møtt til samlinga i daglegstova. Ho helsa med ord frå diktaren Ivar Aasen, eit dikt om sommar og alt som skin og gror i naturen.
Og på den vakte sommardagen fall også songvalet seg naturleg med «Å Vestland, Vestland».

Unge Lars Kvam Karbø er ein framifrå utøvar på tangentinstrument. På piano spela han både ragtime og eit nyare klassisk verk til stor begeistring.

Sommarfesten baud også på god servering frå eit kakebord som var både langt og fristande. Etterpå var det åresal og trekking av gevinstar. Pengane som kom inn blir sett på konto for å bli nytta ved neste fest, vart det sagt.

Ikkje «gamleheim»

På vegne av alle bebuarar ved Sunnylven omsorgssenter takka Anna Jorunn Ljøen så mykje for festsamkoma som ho tykte var ei svært triveleg stund, og heldt fram;
-Når eg går opp i gatå treffe eg folk som spør –du har flytta på gamleheimen?. Nei, eg leiger ei omsorgsleilegheit, svarar eg. Høyrest ikkje det mykje betre ut? Her har vi lege og fotpleiar på huset, og betjeninga står på døgnet rundt og er alltid kjekke og blide. Vi er heldige. Tusen takk-.

Val av kontaktpersonar

Etter festen hadde pårørande samling og val av kontaktpersonar. Egil Røyrhus og Kari Hauso Stadheim held fram, nytt medlem vart Annfrid Sæther. Styrar Siw Vangen og tilsett Janne Grov er representantar frå Sunnylven omsorgssenter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380