Souvenirbod på plass

Bente Bonsaksen med nokre av produkta av norsk pelssau.

Bente Bonsaksen med nokre av produkta av norsk pelssau.

Laurdag vart ei ny souvenirbod opna på Hellesylt like inn til gangvegen til og frå djupvasskaia.

Det er Bente Bonsaksen og Eivind louis Helset som står bak det nye tilbodet med sal av souvenir til turistar og fastbuande.
Salsboda er lita men skal romme mange artiklar etter kvart, fortalde Bente Bonsaksen som vi møtte like etter opning laurdag.
Og her skal det seljast berre lokalproduserte artiklar, her blir ingen ting merka med «Made in China», forsikrar ho.

Laurdag var ein del kome på plass, mellom anna diverse produkt laga av norsk pelssau, spekevarer frå Ole Ringdal AS, treskurd frå Martin Janssen, Glasfigurar laga av Heidi Hauge og Ragnhild Tryggestad, bilder av Eldar Parr og prospektkort av hobbyfotograf Eivind Helset.

Bente Bonsaksen fortalde at salsboda blir ståande og betjent i to månader i sommar. Etter det blir den sett vekk på vinterlaget for å bli henta fram igjen til neste sommar om tilbodet har vist seg å vere liv laga.

Arnfinn Tryggestad vurderte å kjøpe seg ei "boa".

Arnfinn Tryggestad vurderte å kjøpe seg ei «boa».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380