Lokalnytt

Spenstige elevar

5. klasse ved Sunnylven skule med vinnarsjekken. Bak står utdelar Lill Janett Kristensen.
Elevane ved Sunnylven skule er spreke, nokre av dei sprekast i fylket.

Tysdag kom Lill Janett Kristensen frå Nasjonalforeininga for folkehelse og Møre og Romsdal sin Petter Puls kontaktperson til Hellesylt og Sunnylven skule.

Med seg hadde ho ein gåvesjekk på 2000.- kroner og fleire diplom til elevane.
Den store pengesjekken gjekk til 5. klasse i aksjonen «hopp for hjerte», då det viste seg at dei hadde hoppa aller mest i heile fylket.

Ved nyttår sende folkehelseforeininga ut ein pakke med slengtau og registreringsplakatar til alle skular.
Ved Sunnylven skule vart fire klasser med på aksjonen der dei åtte i 5. klasse har vore aller ivrigast med slengtauet.
Ein time kvar skuledag hoppa dei, noko som enda med at dei var klart best i Møre og Romsdal fylke, fortalde Kristiansen.
Det var kanskje målet til elevane også, for stadig kom dei tidleg om morgonen for å gjere unna trimmen før skuletimen starta, er vi oss fortalt.

Løna var kvar sin diplom og i tillegg 2000.- kroner. Prisen kom overraskande på elevane, for skuleleiinga hadde halde alt hemmeleg, men tildelinga vakte som venta både jubel og applaus.

Om 5. klasse ved Sunnylven skule  er på topp på landsplan også hadde ikkje Lill Janett Kristensen oversikt over.
Elevane i vinnarklassa er Even Lade, Anna Storstein Forbord, Sigrid Imilie Førde Røyrhus, Sara Sæther, Johanne Ringdal Sæter, Natalie Trøen Frøysa, Espen Ringdal, Matti Kjellstadli.
Også 4. 6. og 7. klasse fekk overrakt diplom for deltaking og flott innsats.

Ein time kvar dag har kvar elev hoppa slengtau frå nyttår til no.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380