Stor applaus for «Hundre år med Prøysen»

  • doc_4152_2
    "Hundre år med Prøysen", sett saman og framført av elevane frå 8. og 9 klasse vart ein suksess.
  • doc_4152_13
    Her er det "Tango for to".
  • doc_4152_14
  • doc_4152_15
    Veronica Janssen song mellom anna Julekveldsvisa
  • doc_4152_16
    Mjølkeruta frå Skomperud.
  • doc_4152_17
    Tre julbukkar dukka opp i salen.

Frå mars har 8. og 9. klasse ved Sunnylven skule jobba med temaet «Hundre år med Prøysen». Onsdag var det klart for ei suksessframsyning i Sunnylven samfunnshus.

Dei 18 elevane i 8. og 9. klasse hadde saman med lærar Trond Otto Berg fordjupa seg i viseskaparen Alf Prøysen dei siste vekene.
I år er det hundre år sidan mannen bak Julekveldsvisa og andre kremgode songar vart fødd, difor vart det «Hundre år med Prøysen.  Det vart ei stor oppleving for nær 80 unge og eldre i Sunnylven samfunnshus.

Lærar og rektor ved Kulturskulen i Stranda, Trond Otto Berg innleia og fortalde om arbeidet elevane hadde lagt ned.
– Dei har bestemt innhaldet, dramatisert, transponert melodiar, kort sagt gjort alle val. Vi hadde 70 songar av Prøysen på lista, men det vart heldigvis ikkje så mange, vi landa på ni. Det har vore ein fryd å jobbe med ungdomane her, sa Berg.
Han hadde fått med seg Erik Torset på bass og Andre Ramstad på piano. Sjølv spela Berg kornett og slagverk til fleire av songane som elevane framførte.

Dei ni songane både instrumentalt og vokal var av dei mest kjende og kjære Prøysen-arbeida, som «Tango for to», «Julekveldsvisa», «Romjulsdrøm», «Den fyrste løvetann» og songen om mjølkeruta til Per frå Skomperud på Heia.

Deretter var det jordbær oppå Lauvåsen, «Sønnavindsvalsen», visa med den flotte teksten om kua Staselin, og som avslutning «Du skal få en dag i mårå».

Gode vokalistar i songane var Veronica Janssen, Ingeborg Langeland, Inger Ringdal Sæter og Emilie Brekke. Kasper Ringdal, Kathrine Øksvang og Rikard Eide Ljøen batt det heile saman med sjølvskrivne kommentar.
Elles fekk publikum møte julebukkar og sjå dramatiseringar på scena til visene. Ved fleire av songane bidrog også elevane sjølve musikalsk både på piano, gitar og blåseinstrument.

«Hundre år med Prøysen» vart ei stor oppleving for mange i salen. Det blenkte ei lita tåre i augekroken til mange under framsyninga.
Trond Otto Berg presenterte alle dei 18 revyskaparane med namn til slutt, og publikum takka for ein flott time med applaus som nesten ikkje ville ta slutt.

Her er det «Tango for to».
Veronica Janssen song mellom anna Julekveldsvisa

Mjølkeruta frå Skomperud.

Tre julbukkar dukka opp i salen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380