Stor cruisetrafikk

Ved cruisekai på Hellesylt.

Ved cruisekai på Hellesylt.

Onsdag kjem mange cruiseskip til Geiranger og Hellesylt.

Etter cruiselista får Hellesylt og Geiranger besøk av sju store cruiseskip med nær 8000 passasjerar om bord i løpet av onsdag 18. juni. To av dei, Astor og Saga Pearl II kjem fyrst til Hellesylt.

Astor legg til kai og blir på Hellesylt til 15.30 før båten går til Geiranger. Dei andre båtane er Rotterdam, Celebrity Constellation, FTI Berlin, Azamara Journey og Ryndam.
Med andre ord stor trafikk på fjorden med besøk av hurtigruta, og der turistferjene Bolsøy og Veøy dagleg gjer sine fire turar kvar.

Også torsdag og fredag kjem til saman fem cruiseskip, tre av dei til Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380