Stortap på heimebane
Sunnylven/Stranda 2 tapte 1-7 for Hasundgot på Hellesylt stadion tysdag. Det største heimetap på mange år for herrelaget.
Sunnylven/Stranda 2 opna godt og alt etter 2.38 minutt låg ballen i nota bak gjestekeeper Joakim Rødven. Alf Ole Sundgot var målskårar.
Heimelaget heldt fram med å produsere sjansar og burde ha leia med minst tre etter halspela omgang. I staden reduserte Hasundgot etter 24 minutt og donka inn to til før pause.
Med 3-1 til gjestane tok laga kvile.
Andre omgang vart eit lite mareritt for heimelaget. Lite stemte både i forsvar og angrep. Det gjorde det i staden for Hasundgot som spela seg fram på kantane og la presist inn framfor mål.
Ein god Joakim Fivelstad redda mykje, mellom anna eit straffespark, men måtte kapitulere på fire nye skåringar.
Då domar Oddbjørn Aam, Åmdal IL bles for full tid stod det 7-1 siger til gjestane frå ytre.
5. divisjon herrer.
Sunnylven/Stranda 2 – Hasundgot 1 – 7 (1-3)
Mål Sunnylven/Stranda 2: Alf Ole Sundgot (2)
På Sunnylven spela desse: Joakim Fivelstad, Even Korsedal, Jørgen Helset, Trygve Aaland Tryggestad, Prezemyslaw Kamik, Oskar Røyr, Asbjørn Kvam Karbø, Magnar Tufte Tyssen, Lucas Guadiamos, Adam Dormin, Alf Ole Sundgot.
Innbyttarar: Ivar Sæter, Jarl Vegard Røyrhus, Marius Dudek.