Tre cruisebåtar tysdag

doc_4147_2

Tysdag kjem tre cruisebåtar til Hellesylt. Legst opphald har Costa neoRomantica som ligg ved kai i fire timar.

MSC Magnifica er tidleg ute med landsetjing mellom kl. 07.00 og 08.00. Skipet har 2550 passasjerar om bord og med sine  294 meter er båten ein av dei største og vil ruve godt på fjorden.
Stor båt er også Costa neoRomantica med sine 220 meter. Båten legg til cruisekaia kl. 13.00 og blir liggjande fram til kl. 17.00 på Hellesylt.
Før det har FTI Berlin med 600 passasjerar vore innom kaia mellom kl. 09.00 og kl. 10.00. Ein hektisk dag for kaimannskapet til Stranda Havnevesen med andre ord.
Også i resten av veke 24 er det daglege båtar på Hellesylt og dei fleste legg til ved kai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380