Villa Norangdal

doc_44_3

Opplev det nyrestaurerte trehotellet Villa Norangdal med romdesign som representerer ulike tiår i det 20. århundre.
Villa Norangdal ligg tilbaketrekt og majestetisk på garden Haugen ved inngangen til Noregs villaste og trongaste dal, Norangsdalen.
Hotellet, som er frå 1885, hadde si glanstid i perioden 1890-1940, då hesteskyssen av cruisebåtpassasjerar gjennom dalen var stor.

Noverande eigar har lagt ned mykje tid og pengar for å restaurere bygget, som opp gjennom tidene har husa mange kongelege frå fjern og nær. Fleire av dei første britiske fjellpionerane, som oppdaga den utfordrande fjellheimen i området, hadde base her. No har du på nytt sjansen til å bu på eit lite hotell utanom det vanlege, med historisk sus i veggene.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380