Lokalnytt

«Einstøingane» vann sommar-Quiz.

Laget "Einstøingane" besto av frå venstre; Inge, Oddgeir, Dag, Per Amund, Lars , og fotograf Fredrik.
Laget «Einstøingane» besto av frå venstre; Inge, Oddgeir, Dag, Per Amund, Lars , og fotograf Fredrik.

Ni lag med frå fire til seks deltakarar kjempa om sigeren i sommar-Quiz på Peer Gynt Galleriet fredag kveld. Mannsterke «Einstøingane» gjekk av med sigeren.

26.07.2014 09:50:09
Det vart stilt mange spørsmål, både lokalt og nasjonalt under Quiz-konkurransen på Peer Gynt Galleriet fredag kveld. Om to veker er det ny konkurranse, lova Quiz- ansvarleg Jon Pele Sundgot.

Etter tre rundar med ti spørsmål i kvar stod seksmannslaget «Einstøingane» igjen som vinnar med 37.5 poeng, fem poeng føre «Fjellrypene». Mellom dei sju neste laga var det jamt med få poeng skilnad.

Premien til vinnarlaget var halvparten av deltakarpengane, ein gevinst som vart på 1200.- kroner. «Einstøingane» donerte premien vidare til Hellesylt Ungdomslag og konto for utbygging av sanitætranlegg på badestranda. Eit lite beløp, men ein start på eit viktig formål.

Leiar i HUL, Marianne Fivelstad hadde fått med seg gesten frå Quiz-laget få timar etterpå og sende denne nattlege sms-meldinga: «So snille dokke e da. Ser at ungdomslaget fekk gevinsten dokka, slikt motivera for vidare arbeid».

Premien for beste lagnamn gjekk til «Høge panna lite vet». Laget vart nummer seks med 25 poeng.

doc_4230_14
Mange deltok på sommar-Quiz. Det må inspirere til gjentaking.

 

Mange deltok på sommar-Quiz. Det må inspirere til gjentaking.
Mange deltok på sommar-Quiz. Det må inspirere til gjentaking.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380