Endene tok med traktorskuffa

Nokre av vinnarane i Andesleppet. Frå høgre Erik Torset, Kjell Sveinung Røyrhus, Mariell Gausen Åsen.

Nokre av vinnarane i Andesleppet. Frå høgre Erik Torset, Kjell Sveinung Røyrhus, Mariell Gausen Åsen.

Andesleppet i Hellesyltfossen var rekordstort. Etter at loddsalet var slutt kunne arrangøren sleppe 2000 gule plastikkender utfor Høge bru. Dei tok med seg traktorskuffa.

Fredrik Stadheim  –  07.07.2014 17:23:46

Det såg nesten ut som ei dramatisk filminnspeling då Det store andesleppet under Sommardagar på Hellesylt starta frå Høge bru søndag. I fossen gjekk rekordmange gule plastikkender, heile to tusen, men ikkje nok med det.
Like etter kom den store traktorskuffa som endene var frakta til startplassen i deisande i elva. Ho hadde losna frå frontlastaren.

Ned gjennom ein kvitskummande regnstor foss kom «den gule hårde» fyrst og etter kom den digre svarte traktorskuffa veltande eit par kast.
Ho stogge like nedanfor brua.

Andeflokken derimot heldt fram si våte reise ned fossen og mot oljelensa like forbi Hellesylt bro. Der venta måldomarane i båt, gamlepresten i Sunnylven Svein Runde,  no prost i austre Sunnmøre prosti saman med Geir Frøysa og Øystein Ljøen.
Her var vinnarendene i Det store andesleppet fanga og plukka opp.

Konferansier Asbjørn Tryggestad måla andesleppet og reisa til dei to tusen edene i morosame vendinga, Han meine å sjå nummeret på leiaranda, noko som etter kvart viste seg å vere feil, han stilte spørsmål om nokon kunne vere dopa og så vidare.
Til slutt kunne han konstatere at premieendene kom i famnen til prosten etter ei dramatisk reise ned fossen.

Andesleppet sette rekord i år med to tusen selde lodd. Toppsalet saman med at det var tiande året og eit lite jubileum for andesleppet gjorde at arrangøren delte ut ein ekstra premie på 5000.- kroner.

Her er vinnarane i andesleppet 2014.
1000.- kroner: Morten Taraldset, Regine Hole Tryggestad, Marianne Fivelstad, Paul Ola Vestre, Peter Brende, Jon Andreas Fivelstad, Mariell Gausnes Åsen.
3.000.- kroner: Daniel Sve.
5.000.- kroner: Kjell Sveinung Røyrhus.
10.000.- kroner: Erik Torset.
5.000.- kroner ekstra: Jorunn Gule.

Traktorskuffa som datt i elva kostar 15.000.- kroner. Den ligg der enno, men eigaren skal gjere bergingsforsøk når vassføringa minkar.

doc_4198_13 doc_4198_14 doc_4198_15 doc_4198_16 doc_4198_17

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380