Feirer olsok i Bygdetunet

Søndag 27. juli blir det olsoktreff i Hellesylt Bygdetun. Der blir det både dikt, visesong kaffi og kaker, og sjølvsagt rjomegraut.
Fredrik Stadheim – 20.07.2014 22:31:41
Olav Elling Gausdal, trubadur og med oppvekstadresse 6218 Hellesylt står for hovudinnslaget under programmet på olsokstemnet i år. Han har kalla innslaget sitt «Vi har ei historie å ta vare på».
Olav Elling Gausdal er oppvaksen på Hellesylt og opplevd forvandlinga som bygda har gjennomgått dei siste 50-60 åra. I programinnslaget sitt, som han vil krydre med gitar og visesong, kjem han innom fleire personar og hendingar i Sunnylven og Hellesylt, ei historie som bør takast vare på, seier han.
-Eg fekk ei opa bestilling på eit innslag under olsokfeiringa. No har eg funne meg nokre knaggar frå historia som eg vil myldre rundt, lese eit par dikt av lokale diktarar og krydre det heile med to tre viser.
Eg har aldri gjort noko slikt før så eg håper det går bra. I innlegget vil eg kome inn på fleire ting, minne om sjølvstendigheit og grunnlova som er 200 år, om at det er 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd, og eg kjem til å ta fram kjende personar frå Sunnylven. Mellom dei blir diktarane Ivar Ringdal og Andreas P. Ringdal, eg sveipar innom musikktradisjonar med Kjellstadkarane, prosjektet som Ingolf Ringdal sette i gong langt opp i pensjoniståra med bygging av ei steinhytte på Steimsnibba, og ikkje minst Hellesylt Bygdetun med Karl Johan Øie og dei tre syskena Lars, Nils og Ingrid Holen.
Det blir også nokre tankar og minner frå Gomsdalen som eg kjenner godt, seier Olav Elling Gausdal.
Olsokfeiringa i Hellesylt Bygdetun er søndag 27. juli frå kl. 17.00