Fekk laks på vel seks kilo

Ragnar Kaland, her med sin fjerde laks for sesongen.

Ragnar Kaland, her med sin fjerde laks for sesongen.

Ragnar Kaland frå Sykkylven fekk sin fjerde laks i Korsbrekkeelva onsdag. Etterpå måtte han leite etter mobiltelefonen sin.

Fredrik Stadheim  –  09.07.2014 16:51:14

Fiskaren og leiar i Korsbrekkeelva elveeigarlag, Ragnar Kaland var mest like våt av sveitte som laksen av vatn då ruggen på 6 – 7 kilo var hova på land. Sola steikte godt også på Korsbrekke denne dagen.
I kampen med å få laksen på land mista Kaland mobiltelefonen sin, fortalde han. Han trudde den låg på land ein stad nedanfor Zulu.

Dette var fjerde laksen til Ragnar Kaland så langt i år. Tidlegare hadde han landa ein på 6.0 kilo og to på 7.5 kilo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380