Fiska diger lange

Eit beist av ei lange vart nyleg fiska i Sunnylvsfjorden ved Ljøen. Lengda vart målt til 1.6 meter
Fredrik Stadheim – 19.07.2014 16:11:11
Foto: Sandra Løining Larsen
Den digre torskefisken vart målt til 1.6 meter og vog 23 kilo. Gunnar Tryggestad måtte ta retteleg i for i vise fram storfangsten til fotografering.
I følgje leksikon kan lange, som er i slekt med torsk leve på frå 60 til 1000 meters djup og kan bli opp til 2.0 meter og vege 40 kilo.
Langa som vart fiska ved Ljøen er ein av dei største som er fanga i Sunnylvsfjorden etter det røynde fiskarar kjenner til.