LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2014

Fullklaff for Sommardagar på Hellesylt

Sommardagar på Hellesylt 2014 vart ein ny suksess. No skal arrangøren evaluere for å gjere dagane enno betre.

Fredrik Stadheim  –  08.07.2014 11:01:09

Sjølv om verutsiktene var usikre, spesielt for søndag vart dagane eit myldrande folkehav i god festivalstemning. Fleire meinte dei aldri har sett så mykje folk på Hellesylt tidlegare.
Alt gjekk fredeleg føre seg på Hellesylt også denne helga.
Dagane kom i mål slik arrangøren ynskjer, til glede og hygge for alle.

At politiet var synleg i og kring sentrum ut over kvelden og natt til søndag var positivt. Det vart patruljert både i uniformerte bilar og til fots, noko vi veit arrangøren verdsette høgt. Festgleda fekk utfalde seg, men utan uhell eller skadeverk.

Hellesylt Ungdomslag la ned eit stort arbeid i gjennomføring av Sommardagar på Hellesylt 2014, men hadde også mange medhjelparar i personar, lag og organisasjonar.

No står evalueringa igjen, også det eit viktig arbeid for å finne fram til forbetringar på det som eventuelt ikkje var bra. Alt kan som regel gjerast betre her i livet.
Les meir under lenka Sommardagar 2014.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380