Fyrste langrennstrening

Skigruppa i Sunnylven IL hadde fyrste samling for langrenn torsdag 10. juli. Det blir nye rulleskitreningar kvar torsdag dei fyrste vekene framover.
Fredrik Stadheim – 10.07.2014 20:01:39
Frammøte var ikkje det største på fyrste samling rulleski i fristil. Sju løparar stilte under instruksjon av klubben sin mest kjende dameløpar, Anniken Hjellbakk Hole.
Mellom unge talent som satsar på å gå fort til vinteren fann vi Kristine Hjellbakk Hole, Sara Sæther, Ottar Frøysa Hellebostad, Markus Norangshol og Simen Frøysa Hellebostad.
Stilte på i draga frå sentrum av Hellesylt til Stadheimfossen Camping og tilbake gjorde også Hans Hole og Gisle Aaland. Begge blir instruktørar ved seinare samlingar. Også Linn Kammen blir med i trenarteamet.
Økta på torsdag varte i 90 minutt. Det blir nye samlingar på rulleski kvar torsdag dei fyrste vekene, men også andre former for barmarksamling, som løping og turar i regi av friidrett/trimgruppa.
No var det fyrst og fremst teknikk som skulle terpast, kondisjon må kvar enkelt løpar passe på mest mogleg sjølve, sa leiarane under fyrste langrennssamling i Sunnylven IL.