Gamleskulen

doc_125_2

Gamleskulen på Hellesylt vart bygd i 1898 og nytta som skulebygning fram til 1955, då nye Solborg skule vart teken i bruk. Gamleskulen vart i nokre år nytta til folkeboksamling.
Til 100 års-jubileet for skulen i 1998 vart det skipa ei støtteforeining som samla inn ein del gamalt skulemateriell.
Gamleskulen på Hellesylt var eigd av Stranda kommune, men vedlikehald mangla. I 2012 fekk foreninga Gamleskulen aktivitetsmuseum kjøpe bygget og har til no lagt ned mykje arbeid og pengar i vedlikehald. Mellom anna er det kom på nytt tak av Alta-skifer i 2013.. Det er no tett.
I den gamle skulestova er der skulepultar, kateter, kulerammer, sveiveorgel, plansjer og mykje anna skulemateriell. Nærast ei skulestove slik ho var i «gamle dagar».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380