Gudsteneste med dåp

Til gudsteneste på Høgreiten kom 120 personar. Ei høgtidsstund med dåp.
Fredrik Stadheim – 07.07.2014 15:16:32
Sola braut gjennom mørkegrå skyer då vesle Peder vart døypt på Høgreiten av sokneprest Stein Bernhard Karstensen. Mange fleire enn dåpsfylje vart kalla dit av kyrkjetenar Kristin Storstein og klokkeklangen frå eit gamalt spett.
Alterbordet var som tidlegare ei stor trappehelle frå eitt av husa som stod på Høgreiten. No er alle borte.
Sokneprest Karstensen heldt preika i denne storfelte naturen med utsikt til bygd og dal, Hellesylt sentrum og fjorden.
Tekstar for dagen vart lese av Berit T. Hole, og ei blåsegruppe på fem, Oddbjørg Stadheim, Maria og Ingeborg Langeland på Kornett, Ingrid Julie Hole på bass og Gunnar Inge Eide på trekkbasun sytte for tonefylje til salmesongen.
Den vart avslutta med Petter Dass sin salme «Herre Gud ditt dyre namn og ære».
Som under dei åtte friluftsgudstenesten tidlegare vart det servert kyrkjekaffi til slutt.

