Hoppa i Ljøshølen etter padleåre

doc_4227_2
Det vart kvelving i siste hoppet i Ljøshølen i Bygdaelva for ein belgisk elvepadlar.

Fredrik Stadheim  –  22.07.2014 20:54:05

Fem belgiske elvepadlarar hadde funne fram til Bygdaelva i Steimsåsane tysdag kveld. Ei etter kvart svært så populær elvestrekning for kajakkpadlarar. Her forlysta dei seg i kveldssol og god vassføring.

Men ikkje alt går alltid utan problem. I siste bykset utfor den seks, sju meter høge Ljøshølen hadde ein av padlarane kvelva. Han kom til land med kajakken, men padleåra låg igjen i ei bakevje under fjellhammaren. Der var den ikkje god å få tak i.

Men tøffe karar veit råd. Ein av dei rusta seg med flytebelte og fekk tau festa frå begge sider. Etter nokre sekund der han tydeleg grua seg for badet, hoppa han i elva og symde fram til padleåra. Både den og karen kom trykt på land.

doc_4227_13 doc_4227_14

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380