I kø for ferjetur

Fleire enn før tek ferja mellom Hellesylt og Geiranger. Juni i år hadde auke på nær 9.0 % i høve til i fjor, og trafikken laurdag gav garantert nye pluss i statestikken.
Fredrik Stadheim – 19.07.2014 14:02:00
Oppstillingsplassen for ferjetrafikk var heilt fullpakka på Hellesylt laurdag. I tillegg stod bilkøa langt opp gjennom gata då turistferja Veøy la til kai for avgang 12.30.
Ein og ein halv time tidlegare hadde ei fullasta Bolsøy gått frå Hellesylt, men sett igjen nesten 40 bilar.
Kaptein på Veøy, Jonas Holm smilte blidt over trafikken og auken i tala for juni. – Dette likar vi, var kommentaren. Han og mannskapet dirigerte bussar og privatbilar som best dei kunne for å få med flest mogleg. Mange, kanskje rundt 40 køyrety måtte vente på neste avgang også denne gongen.
Frode Hauge styrer ferjekøa på Hellesylt for femte sommaren på rad og ein jobb han synest er triveleg. Han møter mange hyggelege personar både frå Norge og frå andre land. Det gjev høve til å friske på anna språk enn morsmålet.
Han rekna nesten med at det ville bli stor trafikk når sola og varmen kom tilbake. Å måtte vente over ei ferje tek turistane stort sett fint, seier han. -Det er fint ventever seier eg til dei, noko dei ikkje kan protestere på.
Laurdag stråla sola frå skyfri himmel på Hellesylt og fekk kvikksølvet til å krype opp mot 30 pluss.


