Interessant olsokkåseri
I Hellesylt Bygdetun var det olsokfeiring for 17. gong søndag. Over 50 personar samla seg på uteområdet ved det gamle våningshuset.
Fredrik Stadheim – 27.07.2014 23:15:31
Som vanleg var rjomegraut, kaffi og kaker velsmakande. Det var mykje godt å få for hundrelappen, som stemneleiar Odd Jostein Bjørdal uttrykte det.
Programinnslaget under olsokmarkeringa stod Olav Ellin Gausdal for. Temaet han hadde valgt var ei reise tilbake i tid. «Vi har ei historie å ta vare på» hadde han sett som tittel på innslaget som han formidla både verbalt og med visesong til eige gitarspel.
Bygda har ei verdfull historie det er viktig å ta vare på, meinte Gausdal og gav fleire døme på det, både byggverk og personar. Ikkje minst i bygdetunet der han trekte fram dei tre syskena, Lars, Nils og Ingrid som rause personar. Dei støtta mange tiltak i bygda og til sist gav dei heile eigedomen med hus og inventar til Stranda kommune.
Han håpa plassen som vart til Hellesylt Bygdetun kunne bli brukt på ein god måte i framtida.
Olav Elling Gausdal las dikt av både Ivar Ringdal og Andreas P. Ringdal, og som dyktig trubadur formidla ha vakre viser som «Å Vestland Vestland» av Tore Ørjasæter, og Alf Prøysen si vise «Jørgen Hattemaker».
I det interessante kåseriet var han også innom Kjellstad-spelemennene Ola og Iver som hadde laga fleire slåttar, men som ikkje var så vanlege å høyre lenger. Han tok fram byggverk som vart til i eldre tid og som stod støtt enno, som dei to bruene på Hellesylt, kyrkjegardsmuren og ei steinhytte på Steimsnibba.
Han avslutta kåseriet sitt med litt frå Gomsdal. Der eig han sjølv eit hus som er restaurert. Ein historisk stad som murar Harald Aarset frå Austefjorden uttrykte slik; Her har kvar stein ei historie.
Opp gjennom åra hadde folk med ei sterk Gudstru skapt mykje, sa Olav Elling Gausdal. Han håpa det ville bli teke vare på også i framtida. Han avslutta eit svært vellukka og interessant programinnslag med ei vise av Bob Dylan.
Arrangør av olsokfeiringa i Hellesylt Bygdetun var Bygdetunets Venneforening.
