Lokalnytt

Klart for fjellflyging

Frode Johannessen t.v. vart norgesmeister i fjellflyging i Helsetkopen i 2009. og blir her gratulert av Petter Bergsjø.
Frode Johannessen t.v. vart norgesmeister i fjellflyging i Helsetkopen i 2009. og blir her gratulert av Petter Bergsjø.

Torsdag kveld er WBR på plass på Hellesylt. Rundt 20 basehopparar frå USA; Russland, Sveits, Sverige, Frankrike og Norge er klare for Helsetkopen i Sunnylvsbygda.

Fredrik Stadheim  –  03.07.2014 23:03:36

Ivar Brennhovd i WBR fortel til Sunnmørsposten at dei vil gjere unna konkurransane på fredag og  laurdag då verutsiktene er usikre for søndag. Dei fyrste basehopparane legg i veg til fots mot Helsetkopen i 7-tida fredag morgon.

Fyrste hopp kjem rundt kl. 10.00, seier Ivar Brennhovd til hellesylt.no. Det er berre å gjere unna frukosten og møte fram ved landingsområdet ved Helsetvatnet for å oppleve ein fasinerande sport alt fredag.

Ein av dei som satsar stort på siger i Helsetkopen fjellflygingsarena denne gongen er Frode Johannessen, Ålesunder som no bur på Voss. Han har sigra to gonger tidlegare frå det majestetiske fjellet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380