Knallbra med Fossedur.

Besetninga i Fossedur; Frå venstre Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Olav Elling Gausdal og Erik Torset.
Besetninga i Fossedur; Frå venstre Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Olav Elling Gausdal og Erik Torset.

Det svinga rett så bra, ja så bra at reisande kom frå ferjekøa for å sjå kven som spela. Det var Fossedur, suksessband som etter meir enn førti år har gjenoppstått.

Fredrik Stadheim  –  07.07.2014 21:48:18

Det skjedde i dei dagar, nei det var under den årlege grendakvelde til HUL i påska. Då dukka eit musikkband opp på scena, fire glade trubadurar som alle har bustadadresse eller sleksrøter frå 6218 Hellesylt.
Det vart suksess frå fyrste gitargrep eller slag i trommesettet. Laurdag dukka karane opp på utescena under Sommardagar på Hellesylt og fekk dansefoten til å bevege seg både på lokale og langvegs reisande turistar.

Vi har møtt mange etterpå og alle har opplevd mykje under det tre dagar lange arrangementet som Sommardagar på Hellesylt er.
Mangt har blitt kommentert, men ingen har gløymt «gjenopplevinga» av Fossedur. Det var fantastisk er ord som blir brukte.

Oddmund Espe var overfallen og imponert.
–Høyrde du dei spele Apache, høyrde du sologitariste, ville han vite. Jau eg var der og eg fekk oppleve gamle gode låtar både instrumentalt og med vokal tekst av høg klasse. Det gleda ein som likar Åge Aleksandersen, The Shadows eller Hellbillies.

I Fossedur er desse med: Olav Elling Gausdal gitar og vokal, Bjarne Sjåstad bass, Erik Torset sologitar og Jostein Ringdal slagverk.

Frå utescena framførte dei seks låtar på laurdag, ein eldre sjølvskriven låt kalla «Midnatt spesial», «Birgit Lin», «Apache», «Honky Tonk», «Neste sommar» og ein med lokal tekst på Åge Aleksandersen sin Leva livet-melodi, «Livet på Hellesylt». Her var Kristin Storstein med som vokalist.

Vi veit at mange ser med glede fram til neste opptreden med Fossedur.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380