Kristian Nedregård vann Hellesyltløpet

Kristian Nedregård t.v. kom i mål 13 sekund før Anders Mølmen Høst i Hellesyltløpet 2014.

Kristian Nedregård t.v. kom i mål 13 sekund før Anders Mølmen Høst i Hellesyltløpet 2014.

Kristian Nedregård, Spjelkavik vann Hellesyltløpet herrer og Ingvild Øie, Hovdebygda klassa for kvinner laurdag. Glimrende forhold, men løyperekordane i både herre og dame overlevde.

05.07.2014 19:10:06

Kristian Nedregård tok teten frå start av og leia det 6.6 km. lange løpet frå start til mål. Der var han vel ti sekund for sein til å kapre tilbake løyperekorden til Anders Mølmen Høst, Lyn Ski. Laurdag var Oslo-klubben sterkt oppe på resultatlista med løparar som har hatt ei vekes treningssamling i Sunnylven. Beste løpar frå arrangørklubben vart Lyn Ski-trenar Hans Kristian Stadheim.

Ingvild Øie, Hovdebygda, langrennsløpar mellom dei beste i junior, vann kvinneklassa, vel minuttet etter løyperekorden til Hilde Lauvhaug frå i fjor.

Fullstendig resultatliste finn du her.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380